Historien
M Leiknes as vart starta av Magne Leiknes i 1946 og i 1947 blei da registert som produsent av møblar og brukskunst. Etter kvart vart og vindu en del av drifta. Da vart det behov for større lokaler.
I 1950 sto de nye lokala På Røyset klare, med verkstad, lager, kontor og sosiallokal ferdig. etter kvart som åra gjekk blei da levert byggningsmaterialer og innreiing til husa som blei bygde i etterkrigstida. Etterspurnaden auka og han måtte ha hjelpesmenn i produksjon og transport. han fekk bygd kai for mottak av materialer i vehlause Askvoll.
1980 overtok Arve den daglege drifta og Steinar og Ingemund jobba som tømrare. Etter eit par år gav Steinar seg som tømrar i firmaet.
I 1987 overtok sønene Arve, Ingemund og Steinar bedrifta og i dag er det dei to førstnevnte som driver firmaet.
I 1990 sto eit nytt lager klart men i eit uvær i 1994 blas da ned, men blei bygd oppatt.
I åra etterpå har firma vokst og er i dag en trelast og byggevare bedrift som har det meste for for de fleste byggeprosjekter. Her kan en få hjelp til alt fra byggesøknader til tegning av hus og hytte, få levert byggematerialer på døra og hjelp til fargesetting.